Webbläsaren som du använder stöds inte av denna webbplats. Alla versioner av Internet Explorer stöds inte längre, av oss eller Microsoft (läs mer här: * https://www.microsoft.com/en-us/microsoft-365/windows/end-of-ie-support).

Var god och använd en modern webbläsare för att ta del av denna webbplats, som t.ex. nyaste versioner av Edge, Chrome, Firefox eller Safari osv.

Eik Leknesund Elnes

Examensprojekt Konceptuell scenkonst 2021

LAV, examensprojekt Konceptuell Scenkonst 2021, feat. Lucas Farias Gusmao.
Premiär 23 augusti, 2021

Eik Leknesund Elnes - Lav. Foto av anteckningsbok med text och teckning

Lav er eit mutualistisk samliv mellom ein sopp og ein alge der dei to organismane framstår som éin. Algen fotosyntetiserer sukker or lufta, medan soppen vernar ho mot beite. Lav finst over heile verda, ofte under særs tøffe tilhøve, trass i at dei ikkje veks vidare fort. Ein finn dei på mange ulike substrat, mellom anna stein, mose, bark og blad.

Video-installasjon, black-box screendance. Lav er eit pågåande koreografisk og intermedialt utforskande av eitt landskap i Chapada Diamantina, Bahia, Brasil, herja av skogsbrannar i Oktober 2020. Gjennom ein lydopptakar, eit kamera, ein scanner, teikningar og ein kropp vert landskapet dokumentert, dissekert, fragmentert og transplantert ut or Sør-Amerika og brakt til Europa, og både det mikroskopiske og makroskopiske er utsteld. Verket har blitt utarbeida som eit samarbeide med kunstnaren Lucas Farias Gusmao på plass i Brasilien, og over avstånd. 

I samband med verket skapande har eg vore engasjert i å utvikle ein somatisk, fysisk og intermedial metode for å avlese landskap til å skape kunstnerisk og koreografisk arbeide - eg har spurt meg sjølv; kvar fjerna fra naturen er vi eigentleg? Kva konsekvensar har vår livsstil i vesten på resten av verda? Og; korleis kan eg dedomestikere kroppen og bli født på nytt? Eg er avhengig av verda; men er verda avhengig av meg?

 


Om Eik Leknesund Elnes (NO)

Eg er ein intermedial kunstner med bakgrunn innan nycirkus, samtidsdans, visuell kunst og fysisk teater. I mitt kunsteriske arbeide er eg interestert i slagfeltet mellom sceniske og visuelle disipliner samt historiefortelling gjennom fleire medium. Dei siste åra har eg vore engasjert i arbeide med stafett prosessar, improvisasjon, simultan dramaturgi og interdisiplinert samarbeide som utgangspunkt for koreografisk og dramaturgisk arbeide og kunstnerisk forskning; eg drives kreativt av det spontane, det fragile, det rå og det uperfekte - det som minnar oss på at me berre er mennesker - i prosjektet Lav har eg samarbeida med Lucas Farias Gusmao (BR) og Lars Harald Leknesund Elnes (NO); Lucas har bakgrunn innenfor skodespel, bildecollage og filosofi; i Lav har han vært med i utforminga av konsept og innhold og tatt stor del av ansvaret for det visuelle materialet; utstellingsobjekter, film og bilde. Lars har bakgrunn innan elektronisk musikk, lydingeniør og lydkunst; i Lav har Lars stått for sammanklippinga og komposisjonen av lydlandskapet.